Ditec Frontlyktbeskyttelse

Betre lys på bilen

Etter ei viss tid vil plasten på frontlyktene oksidere, få riper eller av andre årsaker bli matt. Lyseffekten blir dårlegare og du kan få merknad på EU-kontrollen på grunn av dårleg lys. Med Ditec Frontlyktbeskyttelse kan vi på ein rimeleg måte renovere lyktene på bilen. Vi sliper den matte overflata og deretter polerer vi den. Deretter legg vi ein overflatebeskyttelse. Dette gjev deg betre lys og beskytter mot seinare nedmatting av plasten.