40 år med bilpleie

I år er det 40 år sidan eg starta Bilpleiehallen i Førde. Dei første åra heitte bedrifta Bilpleiehallen Tidy Car, og det har vore ei lang, krevjande – og ikkje minst lærerik – reise.

Først vil eg takke alle kundar og tilsette som har vore med meg og Bilpleiehallen på vegen. Utan dykk hadde dette aldri gått. Eg hadde ikkje klart det åleine.

Bilpleiehallen

Ein tøff start

Eg starta opp i bygget til familien Kvamme, ved sidan av ungdomshuset Viking. Der var eg i om lag to år. Starten var tøff, og fleire gonger vurderte eg å gi meg og gå tilbake til far min si bedrift, Glasmeister John Holvik.

Då eg sa opp jobben der, tilbaud far min meg permisjon. Han hadde ikkje særleg tru på at eg kom til å lukkast som bilvaskar i Førde. Eg skal vere ærleg og seie at eg vart litt skuffa over han – men i ettertid ser eg at det nettopp var den skuffelsen som gav meg motivasjonen eg trong for å stå på vidare.

Første året omsette eg for rundt 360.000 kroner, og underskotet var truleg like stort. Reint teknisk var eg kanskje konkurs. For å få det til å gå rundt køyrde eg taxi og jobba som dørvakt i helgane. I periodar fekk eg ikkje betalt alle rekningane ved forfall, men eg gjorde alltid opp for meg – det tok berre litt lang tid av og til.

Bilpleiehallen

Dei første kundane

Den første kunden frå bilbransjen var Per Einevoll frå Autoservice, som gav meg oppdrag med klargjering av nye bilar. Etter kvart fekk eg fleire kundar i bilbyen Førde, mellom anna Berge & Co, Sunnfjord Auto, Biltreff og Opus (dei to førstnemnde er i dag blitt Frydenbø Bil).

Gradvis vaks kundemassen, både frå bilforhandlarar og privatkundar. Den kombinasjonen har vist seg å vere heilt avgjerande, og er framleis ein viktig del av grunnlaget vårt i dag.

I starten jobba eg stort sett åleine, men ein god kompis, Ståle Aasen, hjelpte til på kveldstid når det vart for mykje. Eg er ganske sikker på at om ein reknar timane frå dei første åra, så var det ikkje mykje timeløn å snakke om.

Motstand – og vilje til å stå på

Dårleg økonomi gjorde det også vanskeleg å få finansiering. Eg hugsar spesielt eit møte i banken der eg søkte om lån på rundt 300.000 kroner. Rådgjevaren hadde liten tru på prosjektet og kravde kausjonist.

Eg nekta å gi meg. Etter ein del diskusjon klarte eg til slutt å få lån utan kausjonist.
Der lærte eg noko eg har teke med meg sidan: Det første nei-et er ofte berre starten på eit ja. Ein må ikkje gi seg når byråkratar og blåruss seier nei – ein må stå på.

Flytting, vekst og nye moglegheiter

Etter om lag tre år flytta eg til leigde lokale hos Centrum Bensin i Storehagen. Roy Solbakken var eigar og utleigar, og der var det ikkje noko slinger i valsen. Betalte eg ikkje husleiga på forfallsdato, var Solbakken rask med å komme på besøk med følgjande melding: «Faderullan! Dette må du få betalt, Holvik!» Og fakturaen vart betalt.

Med dei nye lokala fekk eg betre synlegheit og kundemassen tok seg opp, noko som gav eit skikkeleg løft i salet. Etter kvart byrja eg endeleg å tene pengar – pengar som gjekk med til å dekke underskotet frå oppstartsåra.

Men veksten førte også til nye utfordringar. Lokala vart etter kvart for små, og eg måtte begynne å tenke større.

Eg fekk etter kvart kjøpe ein bygslingsrett på ei tomt, og bygde eit eige lokale på rundt 300 kvadratmeter på Halbrendsøyra. Då bygget stod ferdig, hadde eg for første gong plass og grunnlag til å tilsette folk.

Vi heldt til der fram til 2006, då vi tok eit nytt steg og flytta inn i eit nytt bygg ved Jølstra. I dag har vi begge bygga – det eldste til understellsbehandling, og det nyaste til bilpleie.

Bilpleiehallen

Nye roller og vidare utvikling

I dag er det Harald Oppedal som er dagleg leiar i Bilpleiehallen, medan eg sjølv har andre roller i selskapet.

I 2006 starta også historia om Ditec Norge. Ditec er eit lakkonserveringsprodukt som kom til Noreg på slutten av 1970-talet, og det var Shell som hadde agenturet. Tanken deira var å tilby lakkbehandling i kombinasjon med bilvask. Etter nokre år ga Shell opp, ettersom dei ikkje fekk butikk på dette, og «Mr. Ditec Norge», Anders Haugen i Haugen Bilshine, tok over sal og distribusjon på byrjinga av 80-talet.

Bilpleiehallen var tidleg ut med å ta i bruk Ditec, og eg såg at det låg eit potensiale i å få utvida distribusjonsnettet. Heldigvis for meg, hadde eg eit godt forhold til Anders Haugen, og i lag med han og Hans Almedal stifta vi selskapet Ditec Norge i 2006, der eg gjekk inn som dagleg leiar. Haugen og Almedal gjekk ut av selskapet i 2022, og Glenn Brun Henriksen og Ivar Isdal kom inn som nye eigarar.

I dag jobbar eg med å følgje opp Ditec-senter rundt om i landet – alt frå sal og rådgjeving til opplæring og stands på messer og arrangement. Eg har også utvikla ein nettbutikk der privatkundar kan kjøpe produkt til eigen bilpleie.

Vegen vidare

No er eg blitt 61 år, men har ingen planar om å gi meg med det første. Eg reknar med minst 30 år til i arbeidslivet – så får vi sjå kva vi får til framover.

I dag har eg selt 51 prosent av Bilpleiehallen til Bilpleie Holdco AS, der eg sjølv eig 20 prosent, eit selskap med fleire avdelingar i Noreg og har rundt 130 tilsette.

Så ja – det har vore ei interessant reise sidan starten i det gamle Renault-bygget til familien Kvamme for 40 år sidan.

Og vi er ikkje ferdige enno.

Bilpleiehallen


Vintervask

Etter 8500 km, gjennom den hardeste vinteren på lenge, sjekker vi status på vår pendler-i3 med Ditec Ceramic Ultra lakkbeskyttelse.
– Rust, på aluminiumsfelgene – hva i alle dager?! Ståle Walsvik blir overrasket når han ser over sin BMW i3. Med så mye frost som vinteren har hatt å by på, er ikke bilen vasket på en stund. I tillegg til rustflekkene på felgene har bilen også den typiske «vinterpelsen» langs sidene og bak.

Likevel har panser, tak og øvre del av bilsidene en glans som avslører at dette er en bil som har lakkbeskyttelse. Selv uvasket skiller Ståles i3 seg fra det fleste andre vintermøkkete biler på en vanlig parkeringsplass.
Før kuldegradene satte inn for fullt var det ifølge Ståle en drøm å vaske bilen. – Jeg har hatt begge typene Ditec-avfetting parat (mild- og kaldavfetting, red.anm.), men så langt ikke behøvd å bruke dem. Den vanlige bilsjampoen har vært tilstrekkelig. Selv bare en rask spyling i den lokale vaskehallen gir et forbausende godt resultat.

Nå, etter mange uker gjennom saltlaken langs E39, trengs det helt klart mer enn bare spyling. Og siden pendlertesten gjøres av Ditec Norge, legger Ståle inn et besøk i deres oppvarmede vaskehall. Daglig leder Stein Kjetil Holvik har satt av tid i egen kalender for en kontrollvask.
– Det er nok bare flyverust fra bremsene, beroliger Stein Kjetil Holvik når han ser over bilen til Ståle. – Siden felgene er behandlet med Ditec felgbeskyttelse skal det gå bra, det.
På en lys bil ville metallpartiklene vært synlige langs hele bilsiden, og på en ubehandlet bil vil det dessverre kunne være de første kimene til lakkrust.
– Det viktige nå er å få fjernet metallpartikler, asfalt og tjære uten å gjøre skade, forklarer Stein Kjetil. Mekanisk skuring før partiklene er løsnet kjemisk vil ripe lakken, men også feil kjemikalier kan være skadelig, for eksempel på lister. – Alle som har vasket en del bil, har trolig sett stygge lister. Det er som regel bruk av feil kjemikalier som er årsaken til det, fortsetter Holvik.

Behandlingen starter med en egen jernpartikkelfjerner. Den virker noen minutter, før avfetting legges for å fjerne asfalt og tjære. Her brukes Ditecs egne produkter, som er utviklet og utprøvd for ikke å skade hverken lakkbeskyttelse eller lister. Til slutt vaskes bilen med Ditec Car Shampoo, som tilfører nanopartikler for vedlikeholde glansen i den keramiske lakkbeskyttelsen.
Siden Ditec gir ni års garanti på Cermic Ultra lakkbeskyttelse, er dette selvsagt tidlig i løpet, men sjefen sjøl, Stein Kjetil Holvik, smiler fornøyd etter å ha tørket bilen og sett nøye over den:
– Bedre enn forventet, er hans effektive oppsummering.
Og Ståle er strålende fornøyd med resultatet av vintervasken: – Bilen ser jo ikke bare nyvasket ut, den er jo like fin som da den ble behandlet!

Følg Ditec på Facebook for oppdateringer fra den store pendlertesten.


Felgene viste tydelige spor etter flyverust fra bremsene.


Midvinters er det ikke alltid så enkelt å få vasket bilen. Da er en god lakkbeskyttelse gull verdt!


Riktige kjemikalier er viktig! Det beste er å bruke produktene som er utprøvd av Ditec selv.


Nybehandlet bil klar til utlevering? Nei, bare nyvasket! Hemmeligheten? Ditec Ceramic Ultra lakkbeskyttelse.


Personvern Åpenhetsloven

Bilpleie Holdco AS har utarbeidet redegjørelse for 2025 med aktsomhetsvurderinger etter åpenhetsloven. Rapporten dekker grunnleggende menneskerettigheter og arbeidsforhold i egen virksomhet og leverandørkjede, inkludert datterselskaper.